Erotisk dikt til S.

Eg vil knulla deg under eit uendeleg dryss av lyselilla krysantemumblomster.

Eg vil knulla deg til lyden av overoppheta flymotorar og industriell tekno.

Eg vil knulla deg med augo medan me delar ein molotovcocktail.

Eg vil knulla deg i eit glasbur fullt av røykmaskinar og strobelys.

Eg vil knulla deg med knivar i senga for å sjå kven som stikk først.

Eg vil knulla deg med alle dei lentikulære bilda på veggen av Jesus-Maria vendt framover.

Eg vil knulla deg med dynamikken til to dominatrixer i krig slik at the battle continues.

Eg vil knulla deg til dei heteronormative kontaktlinsene våras svinn hen.

Eg vil knulla deg til parykken min dett av og avslører endå ein parykk.

Eg vil knulla deg til akrylneglene dine skrapar hieroglyfar inn i amygdalaen min.

Eg vil knulla deg på madrassen som raknar og spyr hundrevis av påfuglfjør.

Eg vil knulla deg til du tygg deg gjennom sengebotnen som ein gal hund.

Eg vil knulla deg til kroppshåra våre koplar oss saman som skøyteleidningar.

Eg vil knulla deg så hardt at sjelene våre lyser og vibrerer.

Eg vil knulla deg til dildoane på nattbordet vaknar til live og kveser hymnar for oss.

Eg vil knulla deg til skjeletta våre prøver å sprenga seg laus frå huda vår.

Eg vil knulla deg til glasburet går i tusen knas.

Eg vil knulla deg så mjukt at du kviskrar statshemmelegheita på morsmålet ditt.

Eg vil knulla deg til tåka legg seg.

Eg vil knulla deg i ein svartbrent eng av elektriske brennenesler.

Eg vil knulla deg bort frå eit ruskevær av døyande fallande sommarfuglar.

Eg vil knulla deg i Bergen.

Eg vil knulla deg og fri til deg med handjern med rosa fuskepels.

Eg vil knulla deg og kiss & tell i diktform når nylonstrømpene dine fell ut av kjeften min.

Eg vil knulla deg til du seier at du har fått master i norsk frijazz og oralsex.

Eg vil knulla deg inn i heimlege veggar me reiser via BSU-sparing og beinrestane våre.

Eg vil knulla deg oppå det grautstygge lappeteppet du fekk av bestemora di då du vart fødd.

Eg vil knulla deg mens me har på oss virusinfiserte VR-headset og ser utopiske syn.

Eg vil knulla deg til ein ASMR-kattepurring-soundtrack.

Eg vil knulla deg slik at me sluttar å frykta og fetisjere framtida.

Eg vil knulla deg medan du ristar sommarfuglar og krysantemum ut av håret.

Eg vil knulla deg inn i ein kvardag med ein ultrafiolett soloppgang.

 

Vilde vikse sin tekst først blei publisert i Skråtekst (2019)